Rettigheter og muligheter - for foreldre/foresatte

Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Møre og Romsdal. Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Nyhetssak fra 28. januar 2019

Lærings- og mestringssenteret inviterer til kurs for foreldre/foresatte til barn og ungdom i skolealder med langvarige helseutfordringer - kronisk sykdom/funksjonshemning, og som ønsker kunnskap og forståelse for hvilke hjelpe- og støtteordninger som fins for familien.

HVEM ER OPPLÆRINGEN FOR?
Foreldre/føresette til barn og ungdom i skulealder med langvarige helseutfordringar - kronisk sjukdom/funksjonshemming, og som ønskjer kunnskap og forståing for kva for hjelpe- og støtteordningar som finst for familien. Innhaldet for dagen er i hovudsak for dei som har fått diagnose i nær tid.

Vi vil oppmode begge foreldre/føresette til å delta i opplæringa.
 
INFORMASJON OM OPPLÆRINGSPENGER
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn, dersom opplæringa er naudsynt for å kunne følgje opp barnet. Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med på opplæringa.
Nærare informasjon vil bli gitt i starten av kurset, eller les om opplæringspengar under NAV.no. 

Du kan også ta kontakt med Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal, tlf. 71 12 09 95.
 
 
Vi tar forbehold om endringer i programmet. - Maks antall deltakere er 40 personer!

PROGRAM

Kl 08.30 - 09.00 Registrering mellom 8.30-9.00. Servering av kaffi/te.
Kl 09.00 - 09.30  Oppstart og velkomen! v/Elin Fladseth i Klinikk for kvinner, barn og ungdom - Helse Møre og Romsdal. Brukarmedverknad eller bruker med verknad?   Meistring  i kvardagen og «møte med systema».

Kl 09.30 - 09.45 Kort informasjon frå spesialisthelsetenesta.

Kl 09.45 - 10.00 Pause og presentasjon for deltakarane i gruppa. 
Kl 10.00 - 11.30 Informasjon og drøfting i grupper -  førebyggande helsetenester for barn og ungdom  -  skule, SFO, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og    tilrettelegging  - ulike tenester frå tildeling og koordinering  - NAV, ulike økonomiske ytinger
Kl 11.30 - 12.30 Enkel lunsj med kaffi/te. Ulike offentlege tenester og brukarorganisasjonar deltek med informasjon på torg i denne tida.
Kl 12.30 - 14.00 Informasjon og drøfting i gruppe held fram.
Kl 14.15- 14.35 Brukar- og pasientombod, informasjon og drøfting. 
Kl 14.35 - 15.00 Fylkesmannen i Møre og Romsdal om verjemål.
Kl 15.00 - 15.30    Oppsummering og vel heim.
 
 

STED OG TID

Ålesund Rådhus, Kommunestyresalen 7. mai 2019. Kl. 09. - 15.30.

Kristiansund Rådhus, Kommunestyresalen 8. mai 2019. Kl. 09. - 15.30.

Molde Rådhus, Kommunestyresalen 19. november 2019. Kl. 09. - 15.30.

Volda Rådhus, Kommunestyresalen 27. november 2019. Kl. 09. - 15.30.

HENVISNING
Ønskjer du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlege for tilvising til kurset. Tilvisinga sendast til same adresse som til påmeldinga. Tilvisinga må merkast med namnet på kurset: Rettar og mulegheiter.
 
Er familien allereie til behandling i spesialisthelsetenesta i Klinikk for kvinner, barn og ungdom, trengst ikkje tilvising.
 
PÅMELDING
Ved påmelding treng vi desse opplysningane: Namn på barnet, fødselsdato, diagnose, namn på foreldre/føresette, adresse og telefon.  Hugs  å merke påmeldinga med namnet på kurset. Opplæringa er gratis.
 
PÅMELDING PR. TELEFON:  - BUP Ålesund, telefon 701 67200. Påmeldingsfrist 20. april. - BUP Kristiansund, telefon 712 17550. Påmeldingsfrist 20. april. - BUP Volda, telefon 700 58570. Påmeldingsfrist 1. november.  - BUP Molde, telefon 712 17360. Påmeldingsfrist 1. november.

 
PÅMELDINGEN ER BINDENDE! Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon der du er påmeldt. Dersom du ikkje avbestiller blir du belasta med eit ikkje-møtt gebyr på kr 702,- 
 
Har du noko du ønskjer svar på i samband med kurset, så gi gjerne ei melding om dette ved påmelding.
 
INFORMASJON
For nærare informasjon ta kontakt med:  Kursansvarleg Elin Fladseth, tlf. 41 76 10 76. -  Lærings- og mestringssenteret (LMS), tlf.  71 12 09 99.