Operatur til Nordfjordeid 7.oktober!

Bli med til Opera-Nordfjord og Mannen fra La Mancha! Onsdag 7.oktober klokka 18:30 set Opera Nordfjord opp musikalen Mannen frå La Mancha og har i den anledning invitert oss i Blindeforbundet på besøk!

Dato: 07. oktober kl. 16:30–21:30
Fylke: Sogn og Fjordane
Kontakt:
Ta kontakt med Martin Malkenes på tlf 47667267 eller epost martin.malkenes@blindeforbundet.no. Påmeldingsfrist 24.august!

Don Quixote til hestBli med til Opera-Nordfjord og Mannen fra La Mancha!

Onsdag 7.oktober klokka 18:30 set Opera Nordfjord opp musikalen Mannen frå La Mancha og har i den anledning invitert oss i Blindeforbundet på besøk!

Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring under Den spanske inkvisisjonen.

Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inklusive Best Musical. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren, der særleg den vakre songen The Impossible Dream er kjend for mange.

Opera Nordfjord vil lage eit opplegg og vise oss rundt og fortelje litt før framsyninga startar, så oppmøte vert sett til 16:30. Vi vil og få oss ein matbit og litt kaffi. Det er i utgangspunktet tenkt som ein dagstur, men vi har og fått tilbod på overnatting ved Nordfjord hotell for dei som har lang reiseveg. Kvar enkelt må sjølv ordne transport slik det var førre gong det var operatur. Disktriktskontoret er behjelpelig med å finne løysingar ved behov.

Vi har 13 billettar til rådigheit så her er det første mann til mølla! Eigenandelen er sett til 200,- pr person. Framsyninga varer i om lag tre timar inkludert pause.

Ta kontakt med Martin Malkenes på tlf 47667267 eller epost martin.malkenes@blindeforbundet.no. Påmeldingsfrist 24.august!

Bli med på ei fantastisk oppleving!