Å ta ein Trygve.

Eg tok ein Trygve i går, godt inspirert av Blindeforbundet sin kortfilm, der Erna ber Trygve Slagsvold Vedum kjøpe med Twist til kaffien, og kjøpte med meg sjokolade til møtekaffien på Leikanger måndag 12. juni

Nyhetssak fra 14. juni 2017

Sogn Avis la Alfred Brusegard på framsida si.

Og det smakte med kaffi og favoritt etter 20 mil på hjul gjennom verdas vakraste fylke som tidvisst kunne skilte med nærast alle årstider på ein og same dag. Vi fekk ei strålande varm mottaking hos DIFI og tilsynet for universell utforming, trass i at vi faktisk var gjester som hadde invitert oss sjølv. I samband med synshemmedes aksjonsuke ville vi gjerne snakke litt med dei om dei utfordringane som synshemma møter til dagen, i eit stadig meir digitalisert samfunn. For det er ikkje berre enkelt når lokalbanken ikkje lenger har skrankepersonale, bussruter berre er å finne på nett og billettane til reisa må kjøpast via ein app. Ikkje berre krev det ein smattelefon eller eit nettbrett- det krev og at ein har kompetanse på å bruke utstyret.

Alfred Brusegard som er blind er ein av dei som har lært seg å navigere seg inn i den digitale tida. Framleis ynskjer han at han kunne meir, men tykkjer likevel at kvardagen med iPhone ikkje kan samanliknast med tida for berre 5-6 år sidan.

Til store auge for journalistar, teknologar tilsynsleiarar demonstrerte han appar, vervarslinga for Madrid, sogn avis si e- utgåve og tekstmeldingar til sidemannen, under møtet på Leikanger.

Den verkeleg store utfordringa for synshemma i dag er manglande opplæring, slik at blinde og svaksynte kan bruke smartteknologi på lik linje med alle andre. Kommunane erkjenner ansvaret for opplæring, og dette er heimla i lov om vaksenopplæring, men kommunane  manglar sjølve både kompetanse og lærekrefter.