Årsmøte i fylkeslaget.

Frå fredag 21. til laurdag 22. april var det årsmøte i fylkeslaget i Sogn og Fjordane. Tradisjonen tru var det Thon hotell Jølster som fekk vere vertskap for medlemmane våre dette døgnet. Sjølv om hotellet har fått nytt namn, ny kjede og ny direktør er det ingenting å seie på korkje service, omsorg og hjartevarme.

Nyhetssak fra 26. april 2017

Sveler er ikkje ulikt pannekaker

Odd Skrede som tidlegare dreiv dette hotellet som faktisk omtrent ligg midt i eit moderne vegkryss; ei rundkjøring, rusler framleis rundt i lobbyen, ynskjer gjester varmt velkomen, legg ein arm rundt skuldra og vil gjerne både fortelje ei historie frå gamle dagar og lytte til det gjestene har å seie. Og etterkvart som både sengar, tapet, måling om møblar vert skifta i takt med tid og trendar, ser Odd Skrede ut til å tåle tidas tann svært godt.

Det er ei glede å bli tatt i mot på Skei hotell, både for tobeinte og for firbeinte.

For utan organisatoriske årsmøtesaker fekk vi desse to dagane og tid til ein tur til Kari Støfringsdal og Fjordamattunet henner. Den gamle ombygde grisefjøsen rommar eit moderne kjøken med steinovn og sitjeplass for mange. Her hadde vi ei triveleg stund medan matosen frå bakstehella la seg som ein eim over heile lokalet. No kan vi det meste om natronkaker, hellekaker, tynne sveler med pudding, kling, søst, syltetøy og prim. Kari er ein flott ambassadør og kulturbærar for tradisjonsmaten frå fylket vårt. Ikkje berre er ho flink å formidle bodskapen- jammen er ho minst like flinkt til å bake. Og vi; vi fekk spise oss gode og mette på søtsakene før ettermiddagskvilen i bussen tilbake til Skei.

Årsmøte er nok for mange ei krevjande øving i vedtekter, protokollar, forretningsorden, mikrofonbruk, prinsipprogram og vedtektsendringsframlegg. Her gjeld det å navigere rett både for møteleiing og møtedeltakarar, slik at alt vert formelt og korrekt.

Valnemda hadde gjort godt førearbeide og fylkeslaget fekk på plass eit flunkande nytt styre for arbeidsperioden 2017/2018. Og dette styret speglar nok mangfaldet i både fylkeslaget og i fylket generelt, med ei aldersspreiing frå 20 til 85 år.

 

Leder:                          Melchior Leirmo  

Nestleder:                    Majken Rygg (ikke på valg)

3. styremedlem            Magnus Strand (ikke på valg)   

4.styremedlem             Paul Magne Mariussen NY 

5.styremedlem             Bendik Hovland NY

 

1. vara                          Solveig Haugnes. NY

2. vara                          Anita Våg (ikke på valg)

 

Styremedlem landsstyre     Majken Rygg

1.vara                                  Melchior Leirmo

2.vara                                  Magnus Strand

 

Rep. til landsmøte                Melchior Leirmo

 Majken Rygg

1. vara                                   Magnus Strand

2.vara                                    Anita Våg

 

Valgnemd for 2018:

Leder Jan Solvik, medlem Wenche Leirmo, medlem Reidar Aase og varamedlem Kristi Myklebust.