Denne kvelden var vi alle Måløyværingar.

Fylkeslaget ynskjer å bidra til auka aktivitet i alle fogderi, både i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Som eit ledd i denne satsinga inviterer vi med jamne mellomrom til aktivitet fleire stader i fylket. Denne kvelden var det verdspremiere på ein nyskriven opera i operahuset på Nordfjordeid.

Nyhetssak fra 09. oktober 2017

Nærbilete av den flotte programframsida

Det var sagt om ei av dei kvinnelege hovudrollekarakterane; ho Tora-   "Ho Tora kom til øya Silda utan anna medgift enn eit kråskap og tendensar til gikt. Men på Silda brydde dei seg ikkje om slikt.

Handlinga i operaen  Sildagapet er lagt til den gyldne sildetida i Måløy der havet fløymde over av sølv og pengane sat litt lausare. Det  vert teikna eit flott og sannferdig bilete av ramsalt kystkultur på godt og vondt, søtt og sårt.  Det var slik at vi som ikkje kjem frå Måløy likevel kjente oss heime, og ikkje minst; stolte over å vere ein del av denne fylkesarven.

Fylkeslaget hadde sikra seg 12 billettar til premieren, og desse forsvann fort.

Det vart ein flott kveld på raud løpar i høgtidelege omgjevnadar, medan ordførerkjeda blinka om kapp