Ferjedrift på fjorden.

Dei siste åra har fylkeslaget fleire gonger blitt rådspurt om universell utforming for synshemma i samband med nybygg. Stort sett har dette vore bygg med både grunnmur og fast dekke under føtene. Ekstra kjekt var det difor å bli invitert inn nærast til teiknebrettet hos Fjord1, for gje nokre tips om kva som er viktig å tenke på når det kjem til universell utforming om bord i ein båt og på bøljan blå.

Nyhetssak fra 30. mars 2017

Digre båtteikningar skal ein dag bli ferjer på fjorden.

Hos Fjord1 vert kaffien i dag sjølvsagt servert i fine blå pappkrus med påskrifta Ferdamat. Den tid er nok forbi at rederiet serverer varm drikke frå stødig fajanse med slingrekant og Fylkesbåtlogo.

Fjord1 skal setje fleire nye ferjer i drift dei næraste åra. Båtane er ferdige på teiknebrettet og produksjonen er så vidt komen i gang. Dei fyrste ferjene kjem på fjorden på nyåret i 2018.

Anbodsreglane krev mellom anna at rederiet involverer brukarorganisasjonane allereie i planleggingsfasen.

Fylkeslaget har vore tydelege på sin rolle her; vi kan berre komme med nokre tips og råd om på kva område det er viktig å tenke på universell utforming og overlevere Blindeforbundet si kravliste til kollektivtrafikk og eindel av brosjyremateriellet vårt.

Lure tips og triks vert i løpet av eit par timar til lærdom og nyoppdagingar for velskolererte skipsingeniørar som er tydelege på at dei ynskjer at Fjord1 for framtida skal vere kvalitetsleverandør av universellt utforma ferjer.