Heilt på høgden.

Trass i at vergudane forsøkte å stikke kjeppar i hjula, kom vi oss opp på toppen. Det var over 1000 meter rett opp og frå fjord til fjell på knappe fem minuttar, hengande i ein himmelheis med fantastisk utsikt over Loen, Olden og nærast alle kyrkjesokn i Nordfjord.

Nyhetssak fra 02. oktober 2017

Her er nesten heile gjengen samla, det er både kaldt og luftig når ein kjem over 1000 meter.

Denne helga var det kick-off for fylkeslaget sitt nystarta familienettverk. Heile 28 store, mellomstore og små har vore samla frå fredag 29. september til sundag 1. oktober for fagleg påfyll frå Blindeforbundet sin jurist Eivind Knutsen, sosialt samvere, gruppediskusjonar og fysiske utfordringar til lands og til vanns.

Dei kjem alle frå familiar med born og unge som har synsutfordringar i større eller mindre grad. Det har vore utruleg flott å vere i lag og delt av erfaringer. No gledar vi oss berre til det som kjem etterpå.