Mathias&Mathias

Foreldra deira møttes tilfeldigvis i korridoren på augeavdelinga i helse Førde medan de venta. Seinare møttes gutane med same namn, same diagnose og same briller. Og i fjor vart det leirliv på Hurdal for fyrste gong, i lag.

Nyhetssak fra 14. juni 2017

Mathias og Mathias

Dei er kompisar og storsjarmørar og har kanskje største æra for at fylkeslaget i dag kunne skåle i Cola, Twist og pizza og erklære familienettverket for synshemma i Sogn og Fjordane for opna og etablert.

Heile fem familiar takka ja til invitasjonen, og mange av desse visste om fleire som burde ha vore her. Sissel Sørensen Bye frå Akershus delte raust og engasjert av sine erfaringar med familiearbeid.

Så no er det berre å glede seg til hausten. Den økonomiske støtta til prosjektet "Flygedyktig og i fritt fall" frå LNU har gitt oss flying start.