Over Gaularfjellet til Balestrand

Det nærmar seg tida for ei av dei verkeleg kjekke fylkeslagsopplevingane, "ein seinsommardag med fylkeslaget" Du blir vel med på tur? I år går ferda i vill og vakker natur over Gaularfjellet, med innlagt stopp hos ein geitebonde med sommarfjøs før vi endar opp på Ciderhuset i Balestrand, der lokal mat og drikke ventar oss.

Nyhetssak fra 28. juni 2017

Freistande å ta seg ein flygetur frå utkikkspunktet.

I år går turen til Balestrand og Ciderhuset, og datoen er måndag 14. august.

Det vert oppmøte på Firda Billag klokka 10.00.

Vi set kursen mot Gaularfjellet og fyrste stopp er sommarfjøsen og mjølkegeitene til Kirsti og Per Magne Bell. Kanskje vert det ei råd med rømmekolle og nokre gode historier…

Etter kvart går turen mot toppen der det vert ein stogg ved det fantastisk flotte utkikkspunktet på Gaularfjellet.

Gaularfjellet er ein godt bevart løyndom for mange av oss. Her står framleis mjølkerampane etter vegen og køyreturen gjennom vakkert landskap gir ro for sinnet, sjølv om fossane bruser og fossesuget nesten tek ein når ein vandrar over brua som er bygd over Likholefossen.

Utkikkspunktet skal forestille eit gigantisk picnikteppe med snippar som strekk seg ut og opp i lufta, og ei kan klatre opp alle trappetrinna til topps. Er veret fint og skydekket ikkje for lågt, kikker ein like ned i dalen  botn.

På Ciderhuset ventar dei oss om lag klokka 13.30.

Der vert det lunsj/middag, cidersmaking og kulturellt påfyll i vakre omgjevnadar. Om sommaren blømer rosene og plantane i urtehagen kappast om å trekke til seg biene med lukt og fargar, og i midten av august er nok epla byrja å bli både raude og gule.

Eg trur det vert duka for ein flott dag i midtre Sogn.

Med oss på turen er Jens Brekke, han skal vere både kjentmann og guide.

Ynskjer du å handle lokale varer frå Ciderhuset vert det tid til det før bussen og ferja tek oss over Sognefjorden, i retning Leikanger, Sogndalsdalen og Skei før vi er tilbake i Førde rundt 19.00.

Vi held fram med temaet lokale mattradisjonar; « frå jord til bord» med kortreiste produkt i fast og meir flytande form.  Jens Brekke har lova å ta med gamalost frå Vik- det er jo han som er  sjølvaste gamalaosthøvdingen.

 

Både han og eg gledar oss til å vise dokke denne delen av fylket.

 

Turen har ein eigenandel på 350 kroner, og dekker mat, drikke, busstur og kulturopplevingar. Denne prisen gjeld for ledsagarar og.

På grunn av ferieavviklinga på kontoret vert det litt utfordrande med påmeldinga til turen.

Fylkeslagskontoret er ope på måndagane 3. 10. og 17. juli mellom

klokka 08.00- 15.00.  Du kan ringe inn påmeldinga di desse dagane.

Fylkeslagsleiar Melchior Leirmo tek og imot påmeldingar på telefon.

Siste frist for påmelding er 1. august.

 

Fylkeslagskontoret:           57 83 24 24 ( måndagane 3. 10. og 17. juli)

Melchior Leirmo:               90 11 33 17

 

Vi gler oss til å treffe dokke alle saman, og har fjorårsturen friskt i minne.