Stas med storfint Oslobesøk

Torsdag 2. mars vart fylkeslagsmedlemmane i Sogn og Fjordane invitert til eit møte med kvarandre og den øverste leiinga i Blindeforbundet. Sogn og Fjordane kunstmuseum hadde dekka opp det største langbordet sitt i undervisningsrommet, og det var akkurat stort nok til at alle 25 gjestane fekk sitte.

Nyhetssak fra 09. mars 2017

Fridjov Urdal kåserer over temaet kunst i Sogn og Fjordane

Her fekk medlemmean møte leiinga i Blindeforbundet til ein prat om arbeid og utfordringar i trivselsfylket og leiinga på si side fekk både helse på nye og gamle kjente gjennom fylkeslaget si over tredve år lange historie. Desse dialogmøta såg dagens lys for halvanna års tid sidan og byr på personlege møtepunkt mellom medlemmar og administrasjon, noko som openbart vart sett pris på av begge partar.

Kunstmuseumskafeen stilte med heimebakst og rykande varm kaffi og vart supplert av Fridjov Urdal som drog dei store linjene i si fortelling om kunst i Sogn og Fjordane.

De skal vere velkomne tilbake alle saman.