Synskafè på Sandane 9.mai
Den 9.mai inviterer Blindeforbundet Sogn og Fjordane, i lag med synskontakten i Gloppen kommune til Synskafè på Sandane. Samlinga skal haldast på Gloppebua torsdag 9.mai frå 13.00-15.00. Tema er Blindeforbundets bidrag til folk med synsutfordringar utfra egne erfaringer samt info om dei kommunale synskontakten sitt arbeid.
Nyhetssak fra

- Vi ynskjer å vise at der finst gode hjelpemiddel og gode ordningar i det offentlege for folk med alle typar synsutfordringar samt å vise korleis synskontaktane arbeider.
- Hilde Olave Sætren, synskontakt i Gloppen kommune
Frå Blindeforbundet kjem dagleg leiar i Sogn og Fjordane og medlem frå fylkesstyret. Dei håpar å treffe gamle og nye medlem frå nærområdet.
- Det blir ei uformell samling med høg takhøgd der vi inviterer alle som vil til å komme for erfaringsutveksling og synsrelaterte spørsmål. Vi håper på ei kjekk sosial samling der vi skal informere om Blindforbundet sitt arbeid og kva tilbod vi har for alle med synsutfordringar.
- Anita Våg, styreleiar i Blindeforbundet Sogn og Fjordane
Synsutfordringar kan ramme folk i alle aldrar og gje utfordringar både for den som får redusert eller mister synet, men og for pårørande, arbeidsplass og andre. Synskontakten i Gloppen og Blindeforbundet håper at slike møteplassar skal kunne bidra til å gje gode råd og erfaringsutveksling blant folk som på ein eller annan måte må forholde seg til synsutfordringar.
- Vi ynskjer at alle som har synsrelaterte spørsmål eller dei som er interessert i arbeid med mennesker med synsutfordringar hjarteleg velkomne til Gloppebua 9.mai!
Vel møtt!