Vel overstått årsmøte
26.-27.april avvikla Blindeforbundet Sogn og Fjordane årsmøte 2019 på Skei. Det vart eit godt møte med kjekke gjester, gode vedtak og godt sosialt samvær.
Nyhetssak fra

I tillegg til årsmøtesaker hadde vi besøk frå Nav, hjelpemiddelleverandøren Cantec og Sogn og Fjordane Teater. Nav gav god informasjon om brukarpass og fordelane ved den ordninga. Cantec fortalde om og viste fram mange ulike hjelpemiddel for svaksynte og blinde. Sogn og Fjordane Teater stilte med ei spesiallaga forestilling til årsmøtedeltakarane. Teateret fekk utfordringa å lage ei forestilling for blinde og svaksynte og svarte med å ta oss med inn i målaren Nikolai Astrups rike. Forestillinga vart svært godt motteke av publikum og tilbakemeldingane til teateret om stkket var storveis. Både skodespelarar og publikum koste seg.
Under årsmøtet vart det valgt nytt styre. Styret er som følger:
Leiar: Anita Våg
Nestleiar: Magnus Strand
Styremedlem: Solveig Haugnes
Styremedlem: Melchior Leirmo
Styremedlem: Einar G. Fauske
1.varamedlem: Liv Hilde Haraldsvik
2.varamedlem: Linda Johannesen
Vi takkar for eit godt årsmøte og ønskjer nye og gamle medlem i styret lykke til med det viktige arbeidet!