Vel verdt å vente på

Ordninga med tilrettelagt transport for funksjonshemma i Sogn og Fjordane har gått frå værst i landet til best i landet i løpet av nokre få sommarveker.

Nyhetssak fra 11. august 2017

Vel verdt å vente på

"Eg vart så glad at eg grein Heidi, då du sendte tekstmelding om TT midlane i sommar."

"I så mange år har eg sett livet mitt på vent- og no gledar eg meg til å ta det fram att. Eg skal gå på treningssenter, begynne i songkor og besøke venninner utan å be andre enn drosjesjåføren om skyss:"

Eit av medlemmane i fylkeslaget i Sogn og Fjordane smiler frå øyre til øyre når ho fortel om fridomskjensla si- når ho no veit at TT kortet den næraste veka vert fyllt opp med 27 000 blanke kroner.

Nasjonal tilrettelagt transportordning for synshemma og rullestolsbrukarar til Sogn og Fjordane opnar dører og mogelegheiter som folk knappast har våga å drøyme om tidlegare.

Desse 6.2  friske millionane inn i TT- ordninga kom så visst ikkje av seg sjølv og er kanskje det beste dømet på at politisk påverkingsarbeid frå distrikta virkar og er naudsynt.

Fylkeslagsstyret feira den store sigeren, som dei har venta på i langt over 30 år, med marsipankake, leikebilar og cider i høge glas på styremøtet 10. august.