Velkomen til årsmøte i fylkeslaget.

Årsmøtetida er like om hjørnet, og fylkeslaget inviterer til årsmøte på Thon hotell Jølster, på Skei 21. og 22. april 2017. Treff vi deg der? Årsmøtet er ein flott sosial arena og ein møteplass for medlemmane våre. Ikkje minst er det ei flott anledning til å vere med på å bestemme kva som skal vere viktig i Blindeforbundet i det kommande året, både lokalt og sentralt.

Nyhetssak fra 09. mars 2017

vakrare ramme for ei årsmøtehelg sklal du leite lenge etter.

Møtet startar fredag 21. mars klokka 11.00 på Thon Hotell og vert avslutta laurdag 22. april kl 16.00. Forutan vanlege årsmøtesaker vert det tur til Fjordamattunet for både ein smak av- og ein prat om vestlandske bakstetradisjonar. 

Eigenandel pr person i dobbeltrom på hotellet er kroner 800,-

Dersom du ynskjer enkeltrom vert eigeandelen 1000,- kroner.

Desse prisane gjeld og for ledsagarar.

Vi dekker reiseutgifter etter rimelegaste reisemåte og om du kjem med eigen bil vert det ytt kilometergodtgjerdsle etter HELFO sine takster.

Vi ber om bindande påmelding til kontoret innan 3. april 2017.

Saker frå medlemmar må vere innsendt til kontoret seinast 7. april.

Årsmøtedokument vert sendt ut i veke 17.