Klubber og lag i Sogn og Fjordane

Avislesergruppe på kontoret i fylkeslaget hver mandag, frå klokka 11:00-12:00.

Dette er eit lågterskeltilbod der medlemmane dukker opp, om det passer seg slik. Fylkessekretæren byr på nylage kaffi og siste vekas lokale aviser. Dette er ein time som er gull verdt for dei som gjerne vil halde seg orientert, men som ikkje lenger sjølv klarer å lese papiraviser. I tillegg er det ein viktig sosial treffstad.