" med vind i håret og salt i såret."

Nyhetssak fra 16. juni 2016

Kom og bli med fylkeslaget på ein seinsommardag til Kalvåg.

Det vakre fiskeværet Kalvåg

 

Tysdag 16. august besøker vi det vesle fiskeværet Kalvåg,

nordvest av Frøysjøen i Bremanger kommune. Her ytterst i havgapet er det Stadt og Nordsjøen som er næraste naboar.

 

Vi ynskjer å by dokke på ein dag med noko av den kystkulturen som har vore ein så viktig del av næringsvegen i fylket vårt.

Her vert det bølgjer blå, vind i håret, gamle saltebuer, varme fiskekaker, gode skrøner og kanskje ein trekkspelslått før vi avsluttar dagen med mat i frå havet; dagens fangst, kaffi og dessert på restaurant Knutholmen.

 

Kanskje vil det vere slik at lukta av salt riv i nasen lenge før vi når dørstokken og dei tunge tømmerstokkgolva, når vi tek til på buavandringa. Og eg trur ikkje nedsett syn betyr noko, når vi får høyre om bøkkarane eller snekkarane som jobba her. Og trandamperi, det er vel ikkje vanskeleg å forestille seg korleis det må ha lukta.

 

Det vert sett opp felles busstransport frå Førde,

Tysdag 16. august klokka 09.15

 

Bussen går til Florø, der ein skyssbåt tek oss over Frøysjøen til Kalvåg klokka 10.15.

 

Returen går frå Kalvåg klokka 15.00 og det vert buss frå Florø klokka 15.45, og vi planlegg å vere attende i Førde klokka 16.40.

 

Det kan vere noko utfordrande å komme seg til Førde så tidleg om morgonen, frå Sogn.

Dersom du bur i Sogn og ynskjer å vere med på tur, og har høve til å skaffe deg privat skyss til Førde, slik at du når fellestransporten, dekker vi vi skyssutgifter etter Helfo sine takster. Vi kan og hjelpe til med å ordne eventuell overnatting i Florø frå måndag til tysdag.

Denne dagsturen kostar 200,- i eigenandel, og dekker reise Førde- Kalvåg t/r, måltid og kulturelle opplevingar.

 

Ettersom vi no går mot sommarferie, har fylkeslaget noko redusert opningstid.

I perioden 20. juni til 15. juli er kontoret bemanna kvar måndag og torsdag mellom klokka 08.00 og 11.30

Kontoret er heilt stengt frå 15. juli og fram til 1. august.

Du kan ringe inn påmeldinga di til

 

Kontoret            57 83 24 24

Gunn- Kristin      98 76 32 61

 

Skyssbåten har plass til 19 passasjerer, difor vil det i utgangspunktet vere fyrstemann til mølla, når det gjeld påmelding.

Dersom det viser seg at svært mange ynskjer å delta, må vi leige ein annan båt, og eg ber difor om at påmeldinga skjer i den perioden kontoret er ope (20. juni til 15. juli) slik at vi har tid og høve til å ordne alternativ skyss og større båt.

 

 

Velkomen i vest, til sjøs, til hyggjelege opplevingar og nokon og dele dei med.