Ta meg til Himalaya

Nyhetssak fra 30. mai 2016

Norges Blindeforbund Sogn og Fjordane inviterer medlemmer i Blindeforbundet til himmelske naturopplevingar innerst i Sogn, der fjordar og fjell møtast i Luster.

På bilde ser vi Anne Gerd Fredheim, Anita Våg, Ivar Våg og Heidi Sårheim fra en tidligere bretur.

Gjennom extraprosjektet "ta meg til Himmalaya" inviterer vi synshemma frå heile landet til fjell og bretur, for å vise fram noko av det flottaste fylket vårt har å by på.

Turopplevnga startar i Sogndal, tysdag 9. august klokka 12.00. Då vil ein buss køyre oss inn til Fortun i Luster. Der vil vi til fots følge turstien opp til den vakre turlagshytta på Fuglesteg. Vi berknar at turen opp tek omlag ein og halvanna time. Det er ein tur i bratt terreng og motbakke, men heilt overkommeleg om du er i middels god form. Store deler av turen går på kjerreveg og sti. Vel oppe ved ved den vakre steinhytta, med blondegardiner og raude begonia i vindauga vert det kaffi og niste, og ei utsikt som garantert vil minne deg om at dette var verdt strevet og svetten. Her kan du kikke ned like til ein grøn sognefjord og Skjolden.

Vi tar samme ruta nedatt, der bussen ventar og tek oss til Turtagrø hotell på Sognefjellet. Der vert det både middag og overnatting i gode senger.

Neste morgon vert det frukost og matpakkesmøring før bussen køyrer oss oppover Jostedalen til Nigradsbreen. Der vert vi møtt av 2 breførarar som fortel litt om turen i blåisen og hjelper oss alle med utstyret. Vi tek turen over brevatnet i motorbåt, og har ein liten times vandring over svaberg i lett ulendt terreng før vi kjem opp til sjølve brekanten og kan ta på oss stegjarn og finne fram isøksene.

Vi går i samla i to taulag oppover breen og satsar på å bruke 2-3 timar i isen, inklusiv ein god matpause.

Kvart taulag vert leia av ein brefører og vi plasserer oss slik i taulaget at ein synshemma alltid har ein sjåande ledsager både framfor seg og bak seg. 

Vel nede igjen,velger vi den same ruta over svaberga langs brekanten tilbake til båt og buss før turen går attende til Sogndal. Vi reknar å vere tilbake i Sogndal onsdag 10. august, ca klokka 17.00

Denne turopplevinga kostar 400,-kroner. Denne eigenandelen dekker busstur, fjelltur, overnatting på Turtagrø hotell med middag og frukost, samt breføringa på Nigardsbreen.

Dette er eit turprosjekt som er delvis finansiert av extrastiftelsen, gjennom prosjektmidlar. Reisa til Sogndal må du finansiere sjølv. Dersom det vert vanskeleg å ta seg til Sogndal tysdag 9. august, kan vi vere behjelpelege med hotellovernatting frå måndag til tysdag.

Denne prisen gjeld for ledsagarar og. Fylkeslaget har gått denne turen fleire ganger og har gjort seg erfaringar med at alle treng ledsagarar. Det er fint om du kan ha med eigen ledsager, men om dette vert vanskeleg kan  vi prøve å skaffe deg turfølge. Dersom du treng ledsaging frå oss må vi få beskjed om dette ved påmelding. Denne turen er middels krevjande og du må vere vant til å bevege deg ute i litt ulendt terreng.

Dersom du ynskjer fleire opplysningar eller ytterlegare informasjon om arrangementet,

ta kontakt med dagleg leiar I NBF Sogn og Fjordane på telefon eller mail.

Heidi Sårheim 57 83 24 24 eller 97 52 73 54. 

Påmelding innan 1. juli