Telefonsal - Ørsta

Norges Blindeforbund er ein landsomfattande service- og interesseorganisasjon av blinde og svaksynte. Forutan hovudkontoret i Oslo, har me 19 fylkeslag, tre syn- og mestringssenter, førarhundskule og eit bu- og mestringssenter. Forbundet har i alt ca 300 faste tilsette.

Næringslivsavdelinga til Blindeforbundet er lokalisert i Ørsta, der me i dag er 6 kollegaer med lang fartstid.  Avdelinga bidreg kvart år med økonomisk støtte frå fleire tusen bedrifter, og til kontoret i Ørsta er me er no på jakt etter nye medarbeidarar som skal bidra til å styrke dette arbeidet ytterlegare. 

Telefonsalg – næringsliv

Er du ein type som når måla du set deg? Vil du ha ein jobb der du får snakke med nye menneske, der resultata du skapar gjer ein forskjell for andre? Då er dette midt i blinken for deg! Som seljar hjå oss bidreg du med inntekter til Blindeforbundets arbeid for blinde og svaksynte, både i Noreg og i fattige land i verda.

2 av 3 av dei kronene Blindeforbundet  brukar til sitt arbeid, kjem gjennom bidrag frå bedrifter og privatpersonar. Me har difor lang erfaring med innsamling, og me er kjende for høg kvalitet på våre marknadsaktivitetar.

Avdelinga i Ørsta er i kontakt med bedrifter i heile Noreg, og har eit breitt utval av varer og konsept som me sel til inntekt for arbeidet vårt. Det er ein fordel om du har erfaring med denne typen arbeid frå før, men det er ikkje eit krav. Me gjev deg innføring og opplæring!

Dette forventar me av deg:

  • Du er glad i å snakke med menneske
  • Du er opptatt av å skape gode resultat i jobben din
  • Du snakkar flytande norsk
  • Du tør å gå utafor di eiga komfortsone og å sprenge dine eigne grenser
  • Du bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø

Me tilbyr deg:

  • Ei unik opplæring i sal og verdifull kommunikasjon
  • Tett oppfylging
  • Ein jobb med meining
  • Eit stabilt og godt arbeidsmiljø
  • Fastløn og provisjon
  • Gode pensjonsordningar
  • Gode arbeidsverktøy
  • Jobb i ein seriøs organisasjon med lang fartstid
  • Fulltidsjobb
  • Arbeidsplass i sentrum av Ørsta

For meir informasjon om stillinga, kontakt Sven Castberg på telefon 47 48 12 11 eller Lisbeth Mehl Romestrand på telefon 98 41 12 21 eventuelt e-post til sven.castberg@blindeforbundet.no

Søknad sendast på e-post til Sven Castberg innan 20. september 2017.

Attestar og vitnemål takast med på eit evt. intervju.

Norges Blindeforbund er ei IA-bedrift. Arbeidsforholda vil verte lagt til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.